Kommentar

Frekkare enn lakselusa

Oppdrettsnæringa har råd til alt. Bortsett frå å betale skatt.

Dette er en kommentar. Holdninger og meninger i teksten står for skribentens regning.

Dei siste vekene har ein pussig reklamekampanje frå Sjømat Norge dukka opp i busskur og på t-banestasjonar landet over. Store plakatar fortel at Vi leverer en av verdens mest populære matvarer – men må levere bedre på fiskevelferd. Oppslag om oppdrettsanlegg med skyhøg dødsrate, lakselus og fiskeflukt har gitt oppdrettsnæringa eit vel fortent omdømmeproblem.

Kampanje.com, bransjenettstaden for PR- og reklamefolk, kan ein lese at det måtte tre reklamebyrå til for å klekke ut kampanjen. Målet er å spre holdningsendrende kunnskap, seier Aleksander Hetland, byråleiar i Smeh, eit av dei tre byråa som står bak. Han hevdar også at to av tre som ser denne kampanjen får eit betre inntrykk av sjømatnæringa.

Laksebransjen framstår som ei lukka merde.

På Stortinget er den omstridde lakseskatten tema for tida. Bakgrunnen er eit forslag om å avvikle normprisordninga ved fastsetting av grunnrenteskatt i havbruket. Ordet normpris er litt på sida av daglegtalen for dei fleste av oss. For å seie det enkelt handlar det om korleis ein reknar ut skattegrunnlaget for lakseskatten. Forslagsstillarane, som alle er frå partiet Høgre, hevdar at normpris fører til systematisk feil i skatten og til at selskap må betale skatt av ei inntekt dei ikkje har.

I denne saka er det all grunn til å vere på vakt. Bransjen sjølv har drive ein massiv PR-kampanje mot lakseskatten heilt frå han var på skissestadiet. Dei hevda at skattlegging ville sløkke lysa langs norskekysten. Slik gjekk det som kjent ikkje. Sjømatnæringa eksporterte for 172 milliardar i fjor. Eksporten var på eit historisk høgt nivå, ifølgje Sjømatrådet. Før skatten vart innført, sprika anslaga på kor store inntekter han ville gi stort. Både tre og 17 milliardar vart nemnd. I desember i fjor meldte IntraFish at samla inntekt frå lakseskatten var på 868 millionar.

Les også: Kunstig intelligens – ekte dumskap

NRK har skildra korleis bransjen har omorganisert seg den siste tida. Før lakseskatten vart innført, var dei fleste oppdrettsselskapa organisert i ett selskap. I dag er fisken, slakteriet, brønnbåtar og dei tilsette gjerne organisert i ulike selskap. Grunnen er at det berre er den aktiviteten som skjer i fjorden som blir skattlagt gjennom lakseskatten. Dette har bransjen visst lenge. Det er difor dei har omorganisert. Samtidig har bransjen finansiert storstilte PR-kampanjer der Noreg blir framstilt som ein slags sovjetstat, styrt av parti som vil skatte i hel eit kvart tilløp til skapande økonomisk aktivitet.

Høgre fekk i fjor meir enn ni millionar frå Fellesaksjonen for verdiskaping og privat norsk eierskap. Dette er ei foreining som samlar inn pengar til dei borgarlege partias valkamp. Dei som har gitt aller mest til Fellesaksjonen er nettopp oppdrettsbransjen. Den som har betalt mest er SalMar-grunnleggar Gustav Witzøe. Gjennom selskapet sitt, Kvarv, har han gitt 8,7 millionar. I ein kronikk i E24, der han står som forfattarar, vart det hevda at «Entreprenør- og gründerskap har en dyp forankring i norsk tradisjon. Dessverre er dette en tradisjon som nå er truet». Men i denne saka er det noko heilt anna som står på spel. Det handlar om penganes plass i politikken.

Klassekampen skreiv sist veke at det forslaget Høgre sine representantar la fram i Stortinget, har stor grad av overlapp med eit brev Sjømat Norge skreiv til Finansdepartementet. I Klassekampen kjem det fram at Høgre-representantanes forslag, der det blir hevda at normpris fører til systematisk feil prissetting, vart sendt inn før Prisrådet for havbruk hadde lagt fram ei einaste prisvurdering. Til Klassekampen fortel leiaren for Prisrådet at ingen av Høgres representantar tok kontakt før dei slang ut påstanden om systematiske feil i offentlegheita.

Les mer: Arbeiderpartiet satser på stø kurs, med et lite knepp til høyre

Det er godt mogleg at både bransjen og Høgre føler at prissetjinga er feil. Og det kan godt vere at dei også trudde på sin eigen PR-kampanje om at skatten ville sløkke lysa langs kysten. Men skatten vart innført av ein grunn. Oppdrettsbransjens bruk av norske fjordar har ein pris. Og den prisen er det ikkje oppdrettsnæringa som betaler. Avfall frå laksemerdene og kjemikaliane skadar livet i fjorden. Det same gjer rømt oppdrettslaks.

Bransjen får det stort sett alltid som dei vil. Anten det gjeld infrastruktur, som Laksevegen mellom Hitra og Orkanger, eller den stilltiande aksepten for at det synest umogleg å få gjort noko med det som renn ut frå trailerane som fraktar laks, sjølv om det ifølgje Mattilsynet representerer ein biologisk fare. Vi må heller ikkje gløyme kor viktig offentleg finansiert norsk forsking har vore for heile oppdrettseventyret. I boka Den nye fisken av Simen Sætre og Kjetil Østli finst ei grundig skildring av den sida av saken.

I fleire år har lukka merder, der fisken ikkje er i direkte kontakt med sjøen, vore diskutert som ei mogleg løysing på dei naturøydeleggingane frå oppdrettsanlegga. Om ein ser den einøygde kampanjen mot lakseskatten, den pussige omdømmekampanjen og fjorårets eksportrekord i samanheng, framstår bransjen som ei lukka merde. Eit ekkokammer for ein gjeng som berre spør om kva landet kan gjere for dei, ikkje kva dei kan gjere for landet. Og dei verkar heller ikkje ha blikk for kva landet faktisk har gjort for dei.

Les også: Kalle Moene svarer: Tolv spørsmål om toll

Hold deg oppdatert. Få daglig nyhetsbrev fra Dagsavisen